artige tilde

dette scenarioet fann stad for nokre år sidan, men eg syns det fortsatt er like morosamt.

nydelege tilde var med meg på besøk hjå familien bjørkaas. dei har ein hund ved namn syver. tilde var veldig fasinert av syver sjølv om ho holdt litt avstand. på veg heim i bilen såg eg at tilde var litt i sine eigne tankar. så eg måtte spør kva det var ho tenkte sånn på. då svara tilde; "kva skal syver heite når han blir åtte år?"

kjekt å tenke på slike morosame hendingar når ein sit å skriv på ein keisam eksamen. takk tilde, for at du er så god :-)

                      

 

Du heilage tid

etter den mest fantastiske tida saman med Eirik i stavanger, er det no tid for å skjerpe alle sansane og konse framover. motivasjon: reise til min kjære i sogndal.

det er travelt å gå masterstudie har eg funne ut. no er eg midt oppi ei innlevering av heimeeksamen, og i går gjorde vi ferdig eit gruppearbeid i eit anna fag. mykje på ein gong, meir enn eg er van med. så dette skal eg gjer på i helga.

                      

ja eg suge på bloggfronten. men takka vere oppfordring frå fleire skal eg prøve skjerpe meg. eg lovar ikkje noko.

typisk at eg har tid å blogge når eg eigentleg skal skrive. eg treng seriøst hjelp på motivasjonsfronten. anyone?

Innflyttingsgåve

Eg er så heldig som har slike snille og fantastiske menneske rundt meg. Eg skulle kjøpe noko på Kremmerhuset, men istadenfor så fekk eg det som innflyttingsgåve av Henriette mi.

Eit nydeleg skilt, ein magnet og to telys-haldarar. Eg elskar det. 

                      
                                                                       ♥  

Av min kjære Eirik, fekk eg ei hylle til å ha på mine 18 kvadrat :) 

                                           EXPEDIT Hylle brunsvart Bredde: 79 cm Dybde: 39 cm Høyde: 79 cm Maks belastning/hylleplate: 13 kg
TUSEN takk begge to  ♥  

Stavanger-gøy

Det er gøy i Stavanger. Det er mykje som skjer. På torsdag var det konsert, med Katzenjammer (som vi diverre gjekk glipp av) og Åge Alexandersen med Sivert Høyem. Då var det liv i byen, og denne fine gjengen deltok. Det beste med det heile var at ALT var gratis.

                     
                                Marius, Maria, Ann-Karin og Renate. Med broren til Ann-Karin bak.

                      
                                                                       Åge og Sambandet   

Sivert var berre med å sang på eit par songar. Men sang i tillegg sin eigen "Moon Landing". Skuffandes for oss Sivert-elskarar som verkeleg ynskja han meir på scena.
              
                       
                                             Legg ein godviljen til kan ein sjå kven det er :)

Det heile vart runda av med eit heidundranes fyrverkeri-show. Det var som jul og nyttår på same tid. Fantastisk fint å sjå. Og heile Stavanger sentrum var røyklagd etter seansen :)

                       
                                                       Mange kjempestore fyrverkeri.

Fredag var det informasjonsmøte for dei som skal delta på Rått og Råde-festivalen. Då var Maria, Marius og meg på Folken.

                       
                                                 Seier ikkje "nei takk" til gratis øl

                       
                                Fantastisk program. Anbefalar verkeleg alle som kan å gå.

                       
                                                                 Kjærleiksduene <3

I dag har eg dekorert rommet mitt litt med vegg-klistermerker :) Snart kjem det bileter som viser korleis eg bur. Må berre ein liten tur på Ikea først :D

God morgen

No sit eg her meg min frukostsmoothie, og skal lese litt før skulen 9.15. I går bestilte eg med ein personleg almanakk her, og no gleda eg med mykje til å kunne notere ned viktige og uviktige ting i den. Begge ting er inspirert av mi kjære Henriette. Eg lika å herme etter ho. Ho har til og med hjulpe meg med å få jobb på Kremmerhuset. Så eg skal på opplæring på onsdag allereie. Håpa det går bra, at dei lika meg, så eg får begynne der ordentleg. Eg har bestilt meg morgenkåpe om du vil, eg likar å kalle det kimono, frå HM.

                              

Eg har meldt meg som frivilleg på ein festival som skal vere i Stavanger neste helg, Rått og Råde. Der skal eg jobbe innan salg. Selge ulike artistprodukt, og noke kiosk-greier. Eg seier berre A-ha, Thomas Dybdahl, Susanne Sundfør, Skambankt, Ozzy Osbourne, Mew, Band of Horses. Apropo festival: Det skal vere konsertar på torget i Stavanger. Gratis. Med mellom andre Susanne Sundfør (idag), Sivert Høyem og Katzenjammer (torsdag). Det har eg lyst til. Men idag regnar det hundar og kattar. Eg ynskjer meg forøvrig støvlar til purstagen min :)

Eg kjem sterkare tilbake :) No må eg studieren. Ha ein strålande dag alle :-)

Alt på ein gong..og litt til

Eg har vore dårleg på blogging i sommar. Unnskyldning: Eg har hatt mykje å gjer. Eg skal oppsummere sumaren 2010 no tenkte eg, òg frå no kjem eg til å verte betre på oppdatering.

Eg jobba i Sogndal ut juni. Og før den tid fekk eg gjort ein del kjekke ting.

                       
                          Laga muffins til dei på jobben, med formene eg fekk av Henriette mi :)

                       
                                    Ete lunsj med Jon og Tina :-) Utruleg koseleg. Saknar dei.

                        
            Spelt Alias med Thor Kristian og Karoline. Samt ete dei nydelige fargerike M&M'sa deira.

Deretter heiv min kjære Eirik og eg oss i Carina, og satt kursen mot Haugesund. Der var vi i  eventyrbryllaup til nydelege Barbro og Eyvind. 

                        
                                                                        Brudevals

Og jammen meg fekk eg til å treffe mi kjære Anne Karen eit par gongar. 

                        
                                                      På Egon i Haugesund. Søtaste <3

Deretter bar det straka vegen til Florø by, der det mellom anna skulle arrangerast utdrikkingslag. Og som forlovar er det eg som har ansvaret for dette. Temaet var Raudhette og ulvane. Med Martine som fotograf var me i parken å tok bileter. Vi grilla. Vi drakk. Kjersti sang og spelte gitar. Kjersti hoppa tau. Vi bowla. Vi åt skalldyr. Vi kosa oss.

                        
                                     Fotografering i kyrkjeparken. Vel gjennomført utdrikkingslag.

To helger etterpå var det tid for bryllaup. Dei gifta deg i Fjordane Tingrett på fredag 23.07, og hadde bryllaupsfest dagen etterpå. Begge dagane var heilt fantastiske, og brudeparet var nydelege.

                        
                                               Utanfor Fjordane Tingrett. Veldig fin seremoni.

                        
                                                     Laurdagen. Nydelege menneske. Nydeleg fest.

Eg tilbrakte mykje tid saman med Kjersti og vesle Embla, som faktisk ikkje er så veldig lita lenger. Vi gjekk å mata endene. Embla åt brødmaten sjøl. Søtnos er det ho er.  Ho har nettopp byrja i barnehage. Ho trivast. Embla er skjønn.

                        
                                                                "Eg ete maten sjølv eg"

Sumaren i Florø tok slutt. Anne Marte og eg reiste ein liten tur til Bergen. Eg budde hjå Ida mi, og Anne Marte hjå fetteren sin.

                         
                                                     Anne Marte og kafè er ikkje feil :-)

                        
                           Sjokolade-frappè var litt "over the top", dagen derpå. Men det gjekk ned.

                         
                                Fine Ida mi, og meg framfor ein matematisk figur.  Du er fin <3

Sola såg eg ikkje mykje til i sommar. MEN, den skal ha skryt for å ha vist seg på dei viktige dagane: Helgene det var utdrikkingslag og bryllaup skein sola som aldri før :)

                        
                                                    Sol, sol, kom igjen. Sola er min beste ven.

No har eg hatt nokre FANTASTISKE dagar i Stavanger saman med Eirik, Henriette og Jan :) I morgon skal eg på registrering og informasjon om det kommande året. Måndag er det skulestart.

                                   
                                             Stavanger er ein fin by. Bildet er lånt av Henriette.

Herleg

Eg tok med meg min fine Eirik

                   

ut for å ete på Dr.Hagen. På førehand hadde vi tinga bord, og dei hadde laga til eit bord med kjærestestemning

                     

Vi fekk nydeleg god mat.

                     

Kaffi til dessert

                      

Vi gjekk lykkelege og mette heim att

                      

Frå barnemunn

Dette fekk fram smil og latter i vår stue i dag :)

                      

"Kjærester blir blade i hverandre fordi de blir mer og mer venner, men når de gifter seg så blir man nesten uvenner igjen!

"Jeg ville ha to kjærester, fordi det er de jeg liker best, og jeg har tenkt å gifte meg med begge to - men før det er jeg nødt å spørre mammaene deres om det går bra".

"Det jeg liker med Mathea er det brune håret hennes, Jeg kunne ikke vært kjæreste med en med svart hår"

"Visste du at kjærestepar faktisk elsker hverandre?"

Søøøøte ungar :) God laurdag alle :)

Kniiip <3

Kjole meg her, og kjole meg der

Eg skal i to bryllaup i sommar. Det seier seg sjølv at eg må ha ny kjole. Eg finn aldri kjolar som eg likar eller som passar meg. MEN: Laurdag var eg i Førde på Agape. Der fann eg draumekjolen min. Eg vil bruke den kvar dag eg. 

                    

Før eg fann denne kjolen var Henriette så utruleg snill og nydeleg (Tusen takk Henriette mi) som sendte meg ein kjole ho brukte i eit bryllaup i fjor.  Den er berre heilt smashing, og skal nyttast ved ein eller to anledningar.

                    

No manglar eg berre sko, øyredobbar, armeband og veske. Piece of cake you said? Not for me.

Søt og snill som Henriette er låg det ei overrasking til meg i pakken ho sendte:

                    
                                       Muffinformer med raude prikkar. MIDT i blinken.

No skal eg bruke resten av kvelden på å sjå ein film før eg finn senga. Tidlegvakt i morgon.

Ha ein fortsatt fin kveld alle :)

Kniip <3

Når katten ser fotball, dansar musene på bowlingbana

                       

No som fotball-VM herjar som verst, må vi jentene halde saman. Eg tok med mine jenter på bowling, der vi koste oss med to rundar og ein slush kvar :-)  

                      
                                                    Jordbær, fersken og eple


                       
                                                            Stine vart med :-)

                       
                                                          Tilde kosa seg :-)


                      
                                                          Kjersti, klar til kast :-)


                      
                                                                  På rett veg

Bildekvalitet = dårleg med mobilkamera. Håpa dåkke ser kva eg vil ha fram her :-D Kan sjå ut som Kjersti er den einaste som bowlar, men det er ikkje tilfellet :)

Håpa alle dåkke jenter der ute som slit med fotballgale gutar, finn på noko artigt å gjer :-) Vi reiste til og med på kjoleshopping :) Bilder kjem seinare idag :-)

Kniip <3
Les mer i arkivet » Oktober 2010 » August 2010 » Juni 2010
hits